G 13 skreiv historie
Åheim G 13 fekk æra av å vere dei første som tok kunstgraset i bruk til kamp sist onsdag. Mot topplaget Langevåg såg det litt mørkt ut etter første omgang, der Langevåg leia 1-9. Med litt rokeringar på laget, heva Åheim seg til andre omgang. Sju ballar fekk dei sett inn bak Langevåg sin keeper, mot åtte andre vegen. Sluttresultatet vart dermed 8-17 i ein kamp som vart underhaldande for foreldre og anna publikum som i flott haustvêr fann vegen til den sentralt plasserte bana ved skulen.