Av ulike grunnar har det teke litt tid før dei siste som skulle fullføre femte løpet i vinterkarusellen fekk gjort det, slik at vi kunne setje strek. Men no håpar vi at dette er dei endelege resultata.
I det siste løpet 30. mars imponerte mellom andre Henning med å springe inn til 13.47 og den fjerde raskaste tida. Det er ei personleg forbetring av bestetida med eitt minutt og 34 sekund, og det er tydeleg at Åheim kan stille med ein godt trena spiss i år, i motsetning til eit lag vi les mykje om i Sunnmørsposten.
Elles ser vi at mange av dei yngre har gjort store framskritt og både forbetra seg og sprang inn til fine tider. Kjetil Halse(9), Eirin Halse(13), Fredrik Hovdevik(8), Johannes Rekkedal(9) og Håvard Svastuen(10) forbetra seg alle med frå to og eit halvt til nesten tre minutt og kom inn på tider bra under tjue minutt. Under tjue minutt kom også Bernhard Vik(8) som viste seg lettføtt og sprang på 19.25 i sitt første løp. Vi tar også med Jon Andre Thue(10) som persa seg med fjorten sekund til 18.08, Magnus Fiskerstrand(10) som persa seg med over tre minutt til 17.01, Sondre Aahjem Løvold(9) med nesten eit minutt til 16.05, Victor Stahl(11) med 1.16 minutt til 14.56 og Runar Skorge Stranden(11) med 11 sekund til 14.34.
49 deltakarar hadde fire løp eller meir og fekk pokal. Seksten stykke hadde tre løp og fekk medalje.