ÅIL kallar inn til fotballmøte for alle involverte og engasjerte i barnefotballen, søndag 05.februar kl 19:00 på klubbhuset på Løvoll.
Vi vil gå igjøna inndeling og påmelding av lag for sesongen 2023, so ber om at dei som har oversikt på spelarar i dei ulike årstrinna tek med dette. Alle dei som skal drive med barneidrett må framvise godkjent politiattest med rett føremål,
so dette vil vi også få søkt om for kvar enkelt på møtet.
Det manglar ein styrar for fotballgruppa i ÅIL.
Per no sit Laura Blikeng og Ann-Iren Nummedal Ekremsæter som medlemmar i fotballgruppa, og Geir Nielsen bistod administrativt i fjor, og vil også sørge for at laga blir påmeldt innan fristen i år.
Det må no på plass ein leiar her som kan ta dette vidare, og vi tek gladelig imot forslag til nokon som kan tenke seg stå på valg til årsmøtet.
Vel møtt!