NM terrengløp 2005 på Åheim er historie. I etterkant kan ein gremme seg over det negative; spesielt ein arrangementsbom som medførte protest frå veteranar -og sjølvsagt verforholda. Det som gjeld protest lar vi ligge. Med omsyn til veret, skulle vi gjerne vist oss fram slik det var det meste av april, med tørre, innbydande løyper og sommarføre på vegane. Dette ville normalt også medvirka til minst dobbel så stor deltaking i barneløp og enno betre oppslutning og folkeliv.
Det er det lite å gjere med. I staden vel vi å glede oss over alt det positive. Det flotte løpsveret vi likevel fekk, med sol og blå himmel, deltakinga som var langt over forventa, og først og fremst at vi nådde målet, å lage eit mesterskap der løparane var i fokus, med ei stemning og ei ramme som var eit NM verdig. All skryt og rosande tilbakemeldingar vi har fått, tyder også på at vi klarte å gje både løparar, publikum og andre ei god oppleving. Når t.d. ein av norgesmeistrane skriv tilbake at: ” Jeg ville bare si at årets terreng-NM var et var et supert arrangement :-) så varmar det langt inni hjerterota og gir ei kjensle av å ha lukkast.
Vi vil også gje skryt tilbake til utøvarane. Slik ting vart, er vi imponerte over dei positive haldningane til dei som deltok og korleis dei heile helga framsto som sympatiske og flotte representantar for sin idrett. Likeeins er vi som sto i spissen imponerte over bygda og dei som hjalp til, korleis dei igjen viste si evne til å finne løysingar, opptre sjølvstendig og ordne ut, til å bidra på alle vis og til å gjere sitt beste. Vi skulle gjerne i større grad fått gitt tilbake alle godord vi har motteke og stadig mottar, men får nøye oss med å bringe vidare konklusjonen til ei entusiastisk løpsmor i Ørsta: ”Nydelege kaker og kjempehyggelege funksjonærar gjorde dagane heilt topp.”