Jentelaget vant også mot Valder !
Jentelaget reiste til Valdervoll med fullt lag for første gang på lenge. Etter å ha plukka opp spelarar både på Fiskå og i Ulsteinvik, hadde vi stopp på Moa for å handle. Ute på Valderøya vart vi møtt av ei våt grusbane, men dei kraftige regnbygene heldt seg vekke gjennom heile kampen, og vi fikk til og med sjå sola i store delar av kampen !!. I første omgang var det faktisk kun sola som varma. Åheim sine jenter såg ut som dei fremdeles var på handletur, og Valder tok fortjent ledelsen. Åheim kom tilbake og leda 2-1 til pause. Dette var egentlig ufortjent etter spel og sjansar. Valder mangla sine eldste jenter som var opptatt med handball, om Valder hadde stilt fullt lag trur eg Åheim hadde fått store problemer med innsatsen dei viste i første omgang. Etter pause kom Åheim på bana med ei heilt anna innstilling. Jentene hadde ikkje tenkt å reise heim igjen med tap. Trenaren fekk sjå mykje meir av det vi veit jentene kan, og alle gjorde flott jobb i andre omgang. Stillinga til slutt var 6-2 til Åheim etter scoringar av May-Brit (3), Anne, Thea og Elise.
AH