Åheim la ein dempar på opningsfesten til Tjørvåg!

Tjørvåg ville nok gjerne hatt ein siger på opninga av den nye kunstgrasbana si, men Åheim ville også ha 3 poeng!

Tjørvåg – Åheim: 1-2 (0-1)
Åheim stilte fylgjande lag:
Dan Robert Warberg – Tore Høybakk, Per Kenneth Hovdevik, Jørn Tore Kragseth, Sondre Hasund – Nils Svein Hansen, Runar Aahjem Løvold, Terje Slagnes, Magne Brobakke – Torgeir Halsen, Andre Pedersen.

Innbytte: Odd Erik Bakkebø, Per Arne Ekremsæter, Jainel.

Åheim starta kampen klart best og spelte seg fram til fleire gode moglegheiter utan og få utteljing, det var berre den berømte sistepasninga som mangla. På grunn av det store overtaket fekk Åheim mange cornerar og frispark noko som også skulle gi utteljing. Sondre slo ein god corner og Tore kom susande inn på bakarste stolpe og pressa ballen over linja. Eit ekte “Tore mål"! Etter dette kom Tjørvåg meir med i kampen utan å skape dei heilt store moglegheitene. 0-1 stod seg til pause i ein omgang der Åheim spelte god fotball den fyrste halve timen.

Andre omgang starta som den fyrste avslutta der spelet bølgja fram og tilbake utan at det vart skapt store sjansar frå nokon av laga. Etter om lag eit kvarter av andre omgang kom det eit flott angrep som auka Åheim si leiing til 2-0. Sondre Hasund drog av eit par mann før han løfta ballen fint fram til Andre som hadde gått på eit fint løp. Andre tok med seg ballen innover og la ballen på tvers over til Torgeir som kunne trille ballen i det tomme målet.

Eit kvarter seinare fekk Tjørvåg ei redusering litt ut av ingenting, noko som sikkert vekka tankane til Åheimspelarane tilbake mot dei to fyrste kampane av sesongen der ei 2-0 leiing vart rota vekk begge gongane. Men i det siste har det blitt jobba mykje med å bli tøffare i duellspelet spesielt på defensive dødballar noko ein kunne sjå i dag. Per Kenneth stod fram i forsvaret og Tjørvåg kom ikkje til dei heilt store sjansane på slutten. Dermed kunne Åheim juble for ein 2-1 siger som smakte svært godt!
 

Eit skår i gleda var at ca 10 min før slutt fekk Andre sitt andre gule etter at dommaren meinte han stod for nær ballen ved eit frispark som vart tatt på Tjørvåg sin banehalvdel. Med litt skjønn kunne dommaren godt ha latt vere å gi kort her ettersom Andre stilte seg opp i den avstand han meinte var riktig utan å prøve å sabotere spelet på nokon som helst måte.

Det ligg ein video av måla i kampen på www.heroynytt.no for dei som er interesserte!

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco