Ei oppsummering av a-laget si oppkøyring :)

f_r_kamp.jpg

Det er no under ei veke igjen til seriestart borte mot Gjerdsvika / Moltu og vi på a-laget begynner verkeleg å glede oss til å få grønt gras under beina i ein seriekamp etter ein lang vinter.  Treningsoppmøte har i dei aller fleste tilfelle vore mellom 11-15 stk. Vi har hatt eigentreningar på måndagar, fellestrening på Høddvoll på onsdagar og kamp og/eller trening i helgane. A-laget har i vinter spelt 8 treningskampar med varierande resultat der vi har fått prøvd ut ulike formasjonar og spelarar i ulike posisjonar.

Den første treningskampen gjekk mot Flatraket, ein kamp som vi vann 2-1. Dei tre neste treningskampane vi spelte var i Hareid si flotte vinterturnering. Her opna vi med 4-4 mot Hareid, før det blei tap både mot Ørsta og Vigra etter dårlege kampar frå vår side. Et par veker seinare var vi med på ei turnering i Selje, der vi igjen spelte mot Flatraket og vann 5-1 etter å ha leda 5-0 etter ein god fyrste omgang. Dagen etter spelte vi mot eit godt TMFK 2 lag som stilte med mange fyrstelagsspelarar fordi fyrstelaget hadde fått avlyst si generalprøve før cupkampen sin. Her fekk vi altså mykje å bryne oss på, men etter ein godt gjennomført kamp vart det 4-2 tap i ein kamp som ei stund kunne ha vippa begge veger.

Et par veker seinare spelte vi kamp mot Stadlandet på den gode kunstgrasbana deira. Kampen enda med ein 2-0 siger. Den siste treningskampen gjekk mot eit godt og hardtsatsande Hornindal lag på den nye kunstgrasbana i Stryn. Kampen enda med 3-1 tap etter at vi leda 1-0 til pause. Forskjellen på laga i den kampen og mange andre kampar er bredda på stallen. Der dei hadde “problem” med at dei var for mange har vi har i år en dessverre litt for tynn stall, noko som kan gi problem utover i sesongen.

A-laget har i år som i fjor mål om å kjempe i toppen av tabellen. Det blir mange spennande oppgjer i løpet av sesongen, men mest av alt må vi seie at vi gleda oss til kampane mot ÅVK! Sjølv om dei er og blir favorittar har vi ikkje tenkt å gi oss utan kamp! :)

Til slutt eit tabelltips for 5.div avd.1.

1. Åheim

2. ÅVK

3. Tjørvåg

4. Bergsøy 2

5. Hasundgot

6. LGFK 2

7. Haddal

8. Kvamsøy

9. Gjerdsvika / Moltu

10. Flø

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco