Kvamsøy/ÅVK 2 - Åheim

Kvamsøy/ÅVK 2 – Åheim

Åheim: Sveinn Leo Bogason - Jørn Tore Kragset, Ole Johnny Westerås, Dan Robert Warberg, Sondre Hasund – Tore Høybakk, Sigurdur Reynisson, Runar Aahjem Løvold, Magne Brobakke – Torgeir Halsen, Andre Pedersen.

Innbytte: Martin Stahl, Pål Hellebust, Christian Thue, Nils Svein Hansen, Per Kenneth Hovdevik.

Kvamsøy/ÅVK 2 borte er alltid ei vanskelig oppgave, noko som også skulle vise seg å vere tilfelle i dag. Akkurat som i vårkampen var ikkje Åheim med frå start og Kvamsøy/ÅVK 2 fekk ei tidleg scoring på døball. Ikkje så lenge etterpå var Andre Pedersen frampå med eit langskot som suste inn nede i hjørnet og dermed var laga like langt. Ikkje lenge etterpå scora Åheim nok ein gong etter at Runar Aahjem Løvold slo inn eit frispark som Sigurdur Reynisson heada i mål via stolpen. Kampen hadde då snudd på berre nokre få minutt.

Kvamsøy/ÅVK som stort sett skapte sine sjansar på døball, fekk på ny corner og nok ein gong gjekk ballen i mål. Denne gongen etter svakt markeringsspel frå Åheim sin del. Etter utlikninga til Kvamsøy/ÅVK 2 som kom ca etter 20 min av fyrste omgang, gjekk Åheim inn i ei god periode som varte omgangen ut. Perioda starta med at Åheim fekk frispark på 20 meter som Andre Pedersen banka via ein forsvarar og i mål. Dermed 3-2 til Åheim.  Etter dette gjekk ballen fort langs bakken som gjorde at Kvamsøy/ÅVK hadde store problem med å komme opp i Åheim spelarane. Åheim produserte fleire store sjansar og det var svært fortjent då Magne Brobakke skar innover frå sin venstrekant og bank ballen i mål frå over 20 meter. Ei flott scoring som berre var begynnelsen av ein flott kamp frå Magne. Åheim hadde også store sjansar ved Andre Pedersen og Torgeir Halsen, men det vart ikkje fleire mål før pause.

Andre omgang starta som den fyrste med ei stort spelemessig overtak til Åheim. Per Kenneth Hovdevik som kom inn som midtstoppar i pausa, gav med si rutine, større ro i Åheim forsvaret, noko som gjorde at spelet framover også vart bra. Dei fyrste 20 minutta av andre omgang, vil eg tørre å påstå at Åheim hadde ballen 80 % av tida. Magne Brobakke som spelte bedre og bedre utover kampen, herja til tider med høgrebakcen til Kvamsøy/ÅVK2 og kom både til fleire gode innlegg og avslutningar. 5-2 målet kom etter at Magne fekk ballen på kanten, dribla av eit par spelarar, før han limte ballen borte i det venstre hjørnet for keeper. På dette tidspunktet følte Åheim seg ganske sikker på siger og bytta derfor ut eit par spelarar med tanke på den viktige Hovdebygda kampen neste helg. Med nesten heile midtbana utskifta, vart det vanskeleg for dei som kom inn og finne si rolle i laget og derfor kom Kvamsøy/ÅVK meir inn i kampen. Dei scora fyrst 3-5 etter litt svakt forsvarsspel, før dei fekk ei billeg straffe rett før slutt. Fleire sjansar fekk dei ikkje og Åheim kunne dermed innkasere 3 nye poeng.

Neste laurdag er det Åheimfest og ein del av programmet er toppkampen mellom Åheim og Hovdebygda på Løvoll. Hovdebygda har vist seg som eit veldig stabilt lag og Åheim må derfor prestere opp mot sitt aller beste for å kunne ta poeng og helst 3 mot opprykksfavoritten. Håper mange legg inn kampen som ein del av sitt Åheimfest program slik at det vert ei god ramme rundt kampen!

Runar Aahjem Løvold.

Åheim IL
Postboks 17
post@aaheim.no


  
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco   

Åheim IL | 6146 Åheim | 91795837 | E-post: post@aaheim.no    | Kontonr.:3972 20 36100

Design. og CMS: Osberget