Den enno ikkje 12 år gamle ungguten vart beste åheimar i det 6 km lange løpet. Han la friskt og freidig i veg i den krevjande løypa og viste ryggen til gamlingane i geriatrisk avdeling. Mot slutten røyna det på, og Ole Magne sprang forbi, men Christian slapp ikkje heilt taket og med ein skikkeleg sluttspurt vart han først av dei to over mål og fekk tida 27.52. Ole Magne fekk 28.05, Idar Berget 29.05 og Gunnar Borg 37.30. Undervegs fekk Christian også knive med ein tidlegare norgesmeister. Kristin Roset frå Sandane, med gull på 800 meter for nokre år tilbake, låg føre ved vending, men sprang litt feil slik at Christian kom fram om. Det tok ikkje så lenge før Kristin var fremst att, men å kunne knive med ein norgesmeister er heller ikkje dårleg.
POSTVEGLØPET 1. juni
"Det vart favorittsigrar då Postvegløpet (6 km) vart arrangert på første sommardagen. Kristin Roset kom inn på 26.49, medan Helge Hafsås knuste konkurrentane med over to minutt og kom inn på 22.07. I alt 36 deltok, noko som er ein fin auke i forhold til dei siste åra.
Løpet var 2. løpet i Nordfjordkarusellen."
Her er resultata:
J 13-15:
1. MARI SEIM, FJELLHUG/VEREIDE IL 27.21
J 16-18:
1. IDA SEIM, FJELLHUG/VEREIDE IL 27.54
2. GUNN SKREDE, MARAKANE IL 30.20
KJ 19-22:
1. ELSE MARIT HATLEDAL, MARKANE IL 30.24
2. LINDA HILDENES, GLOPPEN FIL 38.52
KS 23-34:
1. KRISTIN ROSET, GLOPPEN FIL 26.49
2. REIDUN SMØRDAL, HAUGEN IL 27.00
KV 50-54:
1. INGUNN EIKREM OLSEN, HASUNDGOT IL 28.59
G 13-15:
1. MATHIAS KULLSVEEN, EID IL 26.05
2. CHRISTIAN THUE, ÅHEIM IL 27.52
G 16-18:
1. JOHNNY HAUGE, FJELLHUG/VEREIDE IL 24.45
2. BREDE SEIM, FJELLHUG/VEREIDE IL 24.52
3. STIAN ØYE, HOVDEBYGDA 25.27
MJ 19-22:
1. ENDRE RISØY, HAUGEN IL 25.42
MV 35-39:
1. HELGE HAFSÅS, OLDEN IL 22.07
2. SIGBJØRN FÆNN, MARKANE IL 24.38
MV 40-44:
1. KÅRE BØE, MARKANE IL 24.42
2. OLE MAGNE KVALSVIK, ÅHEIM IL 28.05
3. JAN EGIL GJØRVEN, MARKANE IL 30.06
MV 45-49:
1. EINAR STRAND, OLDEN IL 24.44
2. GUNNAR GJERDE, OLDEN IL 27.53
3. AUDAR KULLSVEEN, EID IL 28.38
MV 50-54:
1. INGE ASBJØRN HAUGEN, HORNINDAL IL 28.56
2. JAN PETTER VENØY, SELJE IL 30.32
3. SVEIN HAUKÅS, BERGSØY IL 35.07
MV 55-59:
1. KJELL GRIMEN, FJELLHUG/VEREIDE IL 27.12
2. OLAV LYSLO, GLOPPEN FIL 27.28
3. IDAR BERGET, ÅHEIM IL 29.05
MV 60-64:
1. JAN STEINAR ROSET, GLOPPEN FIL 28.58
MV 65-69:
1. GUNNAR BORG, ÅHEIM IL 37.30
6 deltok utan tidtaking