Av resultata under, ser vi at det var ganske fine prestasjonar som vart leverte over heile linja, og med betre ver er det meir å gå på. Særleg var nok forholda dårlege for løp, slik at vi har god tru på at Kjetil snart kan klare å sjå 11-talet på 100 meter. Også dei andre vil nok kunne prestere betre med meir varme og sol. Det vert mellom anna spennande å sjå både om Runar kan nærme seg femmeteren i lengde og om Erlend når fire meter. Vi ser også at Erlend no har skumle planar om å fråvriste far Leif familierekorden i spyd, sjølv om det er eit stykke fram.
Dei tre yngste gjorde det også kjempefint i sine øvingar og var mellom dei beste i sine klasser. Eit par av resultata var til og med gode nok til at dei kunne hevda seg mellom 11-åringane. For Ellen og Runar var dette deira første stemne, og sikkert ikkje det siste. Sondre prøvde seg også så vidt i fjor, så han byrjar å verte for veteran å rekne.
RESULTAT.
60 meter, gutar 7 år:
Sondre Aahjem Løvold 11,3
Lengde, gutar 7 år:
Sondre Aahjem Løvold 2,47 m
60 meter, gutar 8 år:
Runar Skorge Stranden 10,9
Lengde, gutar 8 år:
Runar Skorge Stranden 3,19 m
60 meter, jenter 8 år:
Ellen Nerland Aahjem 11,2
Lengde, jenter 8 år:
Ellen Nerland Aahjem 2,89 m
60 meter, gutar 12 år:
3. Sigurd Eikrem, Syvde 9,76
600 meter, gutar 12 år:
4. Sigurd Eikrem, Syvde 2.12,54
Lengde, gutar 12 år:
3. Sigurd Eikrem, Syvde 3,05 m
100 meter, gutar 13 år:
3. Erlend Løvold, Åheim 15,66
Lengde, gutar 13 år:
2. Erlend Løvold, Åheim 3,80 m
Spyd, gutar 13 år (400g):
1. Erlend Løvold, Åheim 24,54 m
Lengde, gutar 14 år:
1. Runar Aahjem Løvold, Åheim 4,46 m
Spyd, gutar 14 år (600g):
3. Ole Martin Brudevoll, Syvde 20,34 m
4. Runar Aahjem Løvold, Åheim 19,71 m
100 meter, gutar 15 år:
1. Kjetil Westerås 12,58
200 meter, gutar 15 år:
1. Kjetil Westerås 26,42