Gratulasjonar til Liv, idrettsmerket neste.
Ettter Nordstrandsløpet på Vereide laurdag 23. september var det klart at Liv Berge hadde teke sin femtande sammenlagtseier på rad i Nordfjordkarusellen. Vi gratulerer!
Etter at ho i fjor klarte å springe ned tida si frå året før, vart det litt opp tidsmessig, og ho brukte i år 31.28 minutt på dei rundt 6,5 kilometrane. Men det var tett føre nummer to og tre i klassa 19-22 år og prøv den som vil. Vi er storleg imponerte over "jenta" som held koken år etter år og nesten blir betre og betre tidsmessig i forhold til alder. I år vann ho altså sammenlagt i klasse 55-59 år, og det var den femtande seieren på rad samanlagt i Nordfjordkarusellen. Det er berre imponerande, synest vi. Kanskje ikkje aller mest løpsmessig, men at ho finn motivasjon til å drive mest åleine år etter år og kunne halde seg på eit så godt nivå utan særleg miljø å støtte seg på. Vi håpar ho finn motivasjon til både femten nye og meir til.