Håvard viste styrke på Byrkjelo
Åheim hadde med fire utøvarar på dei årlege Sparebankleikane på Byrkjelo i helga. (30.juni/1. juli) Alle gjorde sine saker bra, men mest utmerka Håvard Svastuen seg.
Håvard stilte i sitt første stemne og gjekk like så godt av stad og vann ein klar seier i kule. Tiåringen støytte
Vilde Hasund viste seg på nytt som ei lettbeint og kondisjonssterk jente, som ho også har gjort på løpa i vinterkarusellen og på 1. mailøpet. På
For dei to 11-åringane Runar Skorge Stranden og Daniel Hellebust vart det meir på det jamne, men god trening gjennom sommaren vil nok gjere at dei kjem sterkare attende ved neste korsveg, som vert Ørstaleikane 1. september. Om sofaen øvst i Åheimlida fortsatt vert brukt flittig som landingsmatte, kan nok særleg høgde verte ei god øving der.
Resultat:
Gutar 10 år:
7 . Håvard Svastuen, Åheim IL 10,38
Gutar 11 år:
10. Runar Skorge Stranden, Åheim IL 10,12
15. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 11,05
Jenter 10 år:
6. Vilde Hasund, Åheim IL 10,58
Lengde
Gutar 10 år :
11. Håvard Svastuen, Åheim IL 3,05
Gutar 11 år:
9. Runar Skorge Stranden, Åheim IL 3,58
16. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 2,95
Jenter 10 år:
3. Vilde Hasund, Åheim IL 3,07
Kule
Gutar 10 år :
1. Håvard Svastuen, Åheim IL 7,92
Gutar 11 år:
7. Runar Skorge Stranden, Åheim IL 7,84
10. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 5,31
Jenter 10 år:
1. Vilde Hasund, Åheim IL 2.07,70
2. Mari Drabløs, Tyrving IL 2.11,98