KJEMPEKVELD I LØYPA
Det vart ein flott kveld på Duestøylen torsdag (26/1 2012), med fint ver, god temperatur og gode forhold. 12-13 personar møtte opp og koste seg med bål og pølser i tillegg til renning og gåing, og dei siste heldt på til nærare klokka 21. På grunn av at ein del var opptekne med musikalen, satsar vi også i morgon på å ha eit liknande opplegg, der folk kan kome fram og ha det triveleg, og håpar det ikkje vert vind som gjer det vanskeleg med bål.
I tre torsdagar framover (26/1, 2/2 og 9/2), har vi altså invitert til uformell samling i lysløypa på Duestøylen mellom 18.30-19.30.
Ni vaksne og ni yngre tok turen i tildels frisk kuling første torsdagen. Det gav fin medvind i ryggen attende etter snuing og raudleitte kinn. Fleire gjekk både to og tre runder i storløypa, og sjølv minstemann, Matias Sande, tok ei heil runde.
Torsdag 2. februar hadde heile femten born og seks vaksne funne vegen og hadde ein fin kveld trass i litt klabbeføre. (For alle, også som førebuing til skisesongen vidare: Det hjelp å spraye silikon under fiskebeinmønsteret på smørjefrie ski.)
Sjå også vedlegg om lys og bruk av løypa.