Løyperekordar i Vassend-rittet
Det vart solide bestetider både i herre- og dameklassa i sykkelrittet til Vaulen laurdag. Vi har dessverre ikkje bilete av damevinnaren, men klikk på biletet under for å sjå fleire frå rittet.
Det vart sykla fort opp svingane frå Åheim laurdag.
Rittet har kvart år vore så heldige å få besøk av sykkeltalentet Martin Notøy Nevstad frå Ulsteinvik, som satsar mot Norgestoppen. Han har kvart år forbetra løyperekorden, frå 14.38 første året, til 13.30 for to år sidan og 12.51 i fjor. I år har nittenåringen teke enno eit steg framover, og i lag med flotte forhold, gav det supertida 11.35 minutt.
I kvinneklassa sletta også utflytta syvding, Camilla Landsverk, løyperekorden til den komande varaordføraren i Vågsøy frå 2008. Kristin Maurstad sykla då på 19.09. Fleire av dei som har vore med tidlegare sette elles personlege rekordar, og på resultatlista tar vi med tidlegare bestetider i parantes. I år fekk vi også deltakarar i ungdomsklassene, der søskena Fredrik og Elisabeth Hovdevik tok kvar sin klassesiger.
Resultat:
Jenter under 15 år:
1. Elisabeth Hovdevik, Åheim 22.49
Gutar under 15 år:
1. Fredrik Hovdevik, Åheim 20.43
2. Eirik Stave, Stadlandet 20.44
3. Martin Skorge, Åheim 20.49
Kvinner:
1. Camilla Landsverk, Drammen 17.28
2. Eli Marita Svastuen, Volda 19.51
3. Aud Nygård, Eidså 23.23
4. Kari Solheim, Bryggja 24.39
Menn:
1. Martin Notøy Nevstad, Ulstein OSK 11.35 (12.51)
2. Tormod Selmer, UOSK 13.07
3. Per Stave, Kjerringryttarane 13.51
4. Frode Refsnes, Kjerringryttarane 13.52 (15.10)
5. Michael Helgestad, Drammen 13.53
6. Kjell Bakkebø, Kjerringryttarane 14.41 (15.19)
7. Kai Otneim, Stadlandet 14.50
8. Anders Bakkebø, Åheim 14.51 (15.30)
9. Per Kenneth Hovdevik, Åheim 15.23 (18.18)
10. Odd Bjørnar Bjørneset, Volda 16.03 (17.24)
11. Sondre Hasund, Åheim 16.53
12. Asgeir Hasund, Åheim 16.54
13. Kåre Nygård, Eidså 18.52 (21.13)