Team Bakkebø i stadig framgang.
Anders og Kjell Bakkebø deltok også i år i sykkelrittet
Rittet som i år vart arrangert 9. juli, går frå Lærdal over Tyin til Valdres, over Valdresflya til Lom og over Sognefjellet til Sogndal. Totalt 430 km som vert marknadsførte som "sykkelrittet for dei tøffaste..... av dei tøffe."
Anders og Kjell heldt også denne gongen følgje og kom inn til sluttida 17 timar 18,48 minutt. Det er to timar og 18 minutt betre enn i fjor og ga 30. plass (av 64) i klasse 35-39 år for Kjell og 51. plass ( av 116) i klasse 40-44 år for Anders. Ei fin utvikling for dei to sykkelentusiastane.