VASSEND-RITTET LAURDAG
Her er dei lokale deltakarane samla etter målgang i fjor.
Laurdag er det klart for historia sitt andre Vassend-ritt. Vi har no fått tilsagn om at fjorårsvinnar Martin Nevstad Notøy vil ta turen i år og, saman med andre frå Ulstein og omegn sykkelklubb. Det er vi glade for og håpar også på at nokre av dei som driv med sykkel i Måløy-distriktet har fått informasjon og finn ut dei vil delta. Men først og fremst håpar vi mange lokalt tek utfordringa og testar sykkelkondisen opp svingane. Smør kjedet og vert med!
Rittet startar 16.00. Påmelding ved Spar. For utanforståande er løypa 5 km. Først ca 1 km flatt, så 3 km med opptil 8 % stigning i svinagane opp til Kvilet, før spurtstrekket på ca 1 km fram til mål på Vaulen. I fjor vann Notøy på 14.38 (resultatliste under sykkel til venstre), medan Magnor brukte 31.06 på rulleski. Kanskje andre vil ta fram rulleskia og gje han konkurranse i år?
For meir informasjon kan du ringe Ole Magne, tlf 911 84 479
kvar premiering