VIKTIG MELDING!!

NYE BADETIDER FRÅ OG MED TORSDAG 22.JANUAR:

Dei to første gruppene vert no slått saman, badetidene vert då:
18.15 - 19.00: førskulebarn + 1-4 klasse
19.00 - 19.45: 5-7 klasse
19.45 - 20.30: 8.klasse og eldre

ENRING I FJELLTRIMMEN:

Bøkene vert frå og med i år ikkje skifta i slutten av oktober (som tidlegare år), men dei siste to vekene i september. Du vil likevel ha eit år på deg for kvar periode, med unntak av dette året, som vert litt kortare.
Grunnen er at veret er så ustabilt i slutten av oktober, noko som skapar vanskar for oss som skal skifte bøker og ha tid til å telje og registrere.

Trimgruppa

STEMNINGSBILDE FRÅ LØVOLDSNIPA

l_voldsnipa.jpg

Innimellom vinterkarusell og andre aktivitetar, kan ein også ta ein tur på ein av fjellpostane til idrettslaget.
Då kan det vere godt å ha med kaffi og mandarin, som her på Løvoldsnipa i romjula.

FLOTT FAMILIETUR TIL LISJEVASSETRA!

mykje_folk_i_fineveret.jpg

Etter at turen vart avlyst i fjor grunna dårleg ver, fekk vi i år ein fin-flott tur i nydeleg ver i Skorgedalen.
Godt over 110 personar var registrert (itillegg også ein del hyttefolk) dei timane det varte.
Det var sal av pølser med brød, kaker, sveler, kaffi, saft og sjokolade. Ein kunne også grille pinnebrød, noko som var veldig populært for dei yngste. 4H hadde laga natursti som mange nytta sjansen å prøve på, og det var mange som hadde nesten alt rett, og dei vart premiert med sjokolade. Ein del prøvde også fiskelykka, men berre ein fekk fisk, og den heldige var Erlend Nystøyl.

Vi må takke så mykje Anders og Kari som stilte altanen, bålplass og ikkje minst hytteveggen til disposisjon. I tillegg var vår faste kaffikokar Ingrid Hellebust på plass med god hjelp til kaffikokinga.

Ein triveleg tur for både store og små!

Sjå linkar til fleire bilder nedanfor her.

Trimgruppa

godt_med_pinnebr_d_.JPG
jenter_p__natursti.JPG
kaffi_og_p_lser_mm.JPG
nokre_av_fjellfolket.JPG
v_r_faste_kaffikokar_Ingrid.JPG

FAMILIETUR TIL LISJEVASSETRA, SKORGEDALEN

Frå Heida.

Frå Heida.

Søndag 14.september vert det tur til Lisjevassetra. Registrering mellom klokka 12-15.
Fiskekonkurranse og natursti.
Sal av pølser med brød, kaker, kaffi og saft.

Vel møtt!

Trimgruppa.

FLOTT TUR FRÅ RIMSTADDALEN TIL BERSTAD SØN 1.JUNI!

Gerd Endestad frå Rimstaddalen guida oss flott langs heile vegen.

Gerd Endestad frå Rimstaddalen guida oss flott langs heile vegen.

Sjå meir på heimesida til trimgruppa.

Forhånd.12345678Neste

Åheim IL
Postboks 17
post@aaheim.no


  
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco   

Åheim IL | 6146 Åheim | 91795837 | E-post: post@aaheim.no    | Kontonr.:3972 20 36100

Design. og CMS: Osberget