Eit lite tilbakeblikk...
...frå ein merketur i vår, den 2 mai. Denne gongen var det merking til Veahornet og Løvoldsnipa som stod på programmet. Som ein ser har vi har fått hjelp av Lars Tore Bakkebø.
IB.
NESTE MERKETUR...
...vert mandag 11 juni. Møt opp i krysset ved Misjonshuset klokka 18.00.
Då går turen frå Skitnevika til Kyrnosa.
God oppvarming kan vere Bygda rundt med 4H 10.juni...
IB
Sjå opp for raude stikker!!
Er du på fjelltur i området i desse dagar, vil du nok treffe på ein del vegstikker og raude merker på steinar rundt om. Trimgruppa tek mål av seg å kome rundt til dei fleste postane våre for å merke løypene, kviste og det som trengs for at det skal verte lett og synleg framkomeleg for alle.
Bilda er frå turen vi hadde onsdag 30 mai, på Bekslehornet. Målet var å merke til Heida og ned til Kvile, men skodde og regn kom oss i forkjøpet....
Vi tek sikte på ny dato for merking: MANDAG 4 JUNI. Møt opp ved misjonshuset klokka 17.50.
Ingvild
Forhånd.1...5678 |